Et alkoholfritt alternativ for kurs, konferanser.
Skjergardsheimen Leirsted og leirskule ligger ved Nautnes i Øygarden ca. 60 km fra Bergen sentrum. Leirstdet har 22 to-sengs rom med køyseng og 6 rom med familiekøy. Alle rom har dusj og toalett. Stedet er og godt utstyrt med flere fellesrom som peisestue, matsal og en rekke grupperom. Der er og et spillerom med air-hockey, fotballspill, bordtennis og biljard. På uteområde er det en liten fotballplass, basketballstativ, smashball, samt en rekke lekeapparater og sandkasser. Vi har og egen båtplass hvor vi har en rekke forskjellige båter og kanoer for utleie til de som bor på Skjergardsheimen.
Skjergardsheimen leirskuleer ein uteskule i kystmiljø.
Skjergardsheimen ligg ved Tjeldstø i Øygarden kommune, ca 6 mil nordvest for Bergen.
Soga om Øygardsfolket er soga om livet på og ved havet. Kystkulturen vert difor eit samleomgrep i læringsaktivitetane ved Skjergardsheimen leirskule.
Øygardsnaturen er særeigen og mangfaldig. Hav og himmel, vind og bølgjer. Skiftingane kjem brått og ofte, frå solsteik til plaskregn, frå speilblankt hav til utemde vannmassar. Desse naturopplevingane vert ein viktig del av leirskuleopphaldet.
Leirskule - livsnær skuleform - meiningsfull læring.
Leirskolen si oppgåve er å fremja grunnskulen sine mål og fleirsidige funksjon. Leirskolen skal gje kunnskapar, dugleikar og sosial vekst. Han skal vera ein del av skulen sitt opplæringstilbod som utfyller verksemda ved heimeskulen, og er såleis ein arbeidsmåte for klassen. Elevane får oppleva og erfara eit nytt miljø gjennom individuelle og felles aktivitetar. Leirskule sett i ein slik samanheng blir både eit pedagogisk tilskot til den vanlege undervisninga, og eit bidrag til utvikling av klasse- og skulemiljøet.
(Utdrag frå Stortingsmeldingnr. 62 (1982-83): Om grunnsku
Leirskole som arbeidsform.
Leirskole som arbeidsform legg vekt på:
at undervisninga skjer ute, i studieobjektet sitt eige miljø.
at undervisninga tek omsyn til elevane sine interesser, røynsler og fantasi. At elevane får bruka sansane sine, oppleva og oppdaga nye ting. At utvikla evna til samarbeid, ansvarskjensle og samkjensle. At elevane innafor visse rammer sjølve er medansvarlege for planlegginga og gjennomføringa av deler av vekeprogrammet. At kunnskap, opplevingar og røynsler vert formidla til medelevar, lærarar, føresette og andre gjennom ulike former for etterarbeid. At fritida og vert nytta slik at klassefellesskapen vert styrkt. Skjergardeheimen gjev rike høve til variert undervisning. Gjennom ei leirskoleveke rekk vi på langt nær gjennom alt. Både årstida, verforholda og klassen sine interesser vil vera med på å bestemma kva ei veke skal innehalda. Under har vi sett opp dei viktigaste emna vi arbeider med. Inndelinga med hovudtema og undertema er gjort for å gje ein oversikt. Gjennom leirskoleuka vil vi ikkje ha ei slik inndeling av arbeidet. Dei fleste dagane vil vi vera innom litt frå kvart hovudemne.
• Fiske med ulike reiskapar.
• Bruk av teiner.
• Lysing etter krabbe.
• Stell av fisk.
• Stell av fiskereiskapar.
• Ulike båttypar for fiske.
Båt- og sjøvett.
• Roing og padling.
• Fortøying.
• Knutar og spleis.
• Sjøvegar, sjøkart og navigasjon.
• Fyr og sjømerke.
Friluftsliv.
• Bål og matlaging.
• Overnatting under open himmel.
• «Overleving» med enkelt utstyr, evt. under litt tøffe forhold.
• Naturopplevingar borte frå sivilisasjon og klokker.
Kultur før og no.
• Buplassar frå steinalderen.
• Livsgrunnlaget ved kysten.
• Gamle fiskevær og handelstader .
• Olje og gass.
• Vegar og bruer.
Biologi / økologi.
• Livet i fjøra / tjern, vi lagar akvarium.
• Næringskjeder.
• Planter og tradisjon.
• Sjøfugl og reservat.
Ta kontakt med oss for mere informasjon! |