Seljord Varmeservice er ei spesialforretning innan moderne bustadoppvarming. Produkta vi fører har fokus på framtidas varmeløysingar, slik som varmepumper, moderne reintbrennande ved og peisovnar. Vårt mål er å tilby oppvarmingsløysingar som er lette å bruke og bidreg til høg komfort. Samstundes er dei gunstige med omsyn til miljø og økonomisk drift.
Vi vil gjerne hjelpe deg med å finne den løysinga som er rett for deg. Ta gjerne med deg bilete / skisser frå heimen din, eller kontakt oss for eit gratis heimebesøk. Det som er viktig for oss, er at vi saman kan finne ei løysing som blir best for deg. Vi i Seljord varmeservice, eller samarbeidande montørar, vil hjelpe deg med montering og service på varmepumper, omnar, peisar og piper.
I tillegg til varme har vi og LPG stasjon, med anlegg for autogass, og flaskefylling.
Sjå gjennom produkta på nettsida, eller ta turen innom butikken vår i Seljord. Der har vi ein del av produkta våre utstilt. Du finn oss på tidlegare Esso i Seljord Sentrum.
Vi vil vere din totalleverandør av varmeløysingar. |