Ein særprega strandstad ved Sognefjorden
* Undredalsosten Visningssenter Eldhuset
Goat cheese center - « a taste of local culture»
* Osteklokka ost og kaffi - kafe
* Rom, leilegheiter; rooms, apartments
* Underdalsbui - moderne landhandel; osteb
Undredal er kjent for mange som “geitostdalen”. Det har sin bakgrunn i ein ubroten tradisjon med stølsdrift og ysting av geitost. Vi har i fleire generasjonar vore distibutør av geitosten både engros og til forbrukar, og våre tilbod ber preg av at geitosten framleis er det viktigaste produktet. Etter at Undredal fekk vegsamband med omverda i 1988 er det mange tusen som vitjar bygda vår kvart år. Vi prøver å utvikle tilbod til dei både på oppleving av vårt lokale miljø, kultur og tradisjonar og på produkt dei kan ta med seg.
Er du ute etter ein av våre mange variantar av geitost frå Undredal Stølsysteri til dagleg bruk i husholdningen eller som presang til ein god ven, til dine medarbeidarar eller kundar, så har vi produkt pakka og tilpassa slike føremål.
Eller kanskje du leitar etter eit godt reisemål for familien eller eit lag/ organisasjon? Vi kan ta imot dykk med program/ presentasjonar av lokale tradisjonar med utgangspunkt i geitosten, og servere alt frå smaksmenyar til lunsj og middag.
Vi vonar du finn noko interessant i menyen vår, og tek gjerne imot både bestillingar, tilbakemeldingar/ kommentarar.
Tur til Undredal?
Underdalsbui - ein moderne landhandel er open heile året.
Der får du alle variantar av den lokale geitosten og ferdaminne og proviant for turen. UndredalsostenVisningsenter - Eldhuset og Osteklokka Kafe tilbyr i sommarsesongen
* Opplevingar med basis i lokale tradisjonar rundt stølsdrift, osteproduksjon og fjord- og fjell landskapet rundt oss.
* Servering av eit utval varmrettar for lunsj og middag, småmat/ kaffimat og smaksmenyar av lokale produkt i tilknyting til program om lokale tradisjonar.
- Visningsenteret Eldhuset: Visningssenter for Undredalsosten med presentasjon av tradisjonelt ystemiljø, som tidlegare var vanleg på stølar.
- Osteklokka kafé:
Her kan du nyte fjordlandskapet med noko godt for ganen. Vi serverar lunsj, middag og smårettar etter god gamal tradisjon.
- Underdalsbui landhandel
“Ein moderne landhandel”, som forsyner dei fastbuande med det viktigaste til dagleg og opphald. For tilreisande er butikken “ei spanande skattekiste” der ein sjølvsagt òg kan få den lokale kvite og brune geitosten og geitepølsa. Dessutan kan ein finne eit eller anna minne ein frå opphaldet i Undredal.
- Undredalovernatting Rom og leilegheiter; for døgnovernatting eller ferieopphold.