Innvik Fjordhotell Misjonsheimen
Hotellet med fjorden i hagen - i hjartet av vakre Vestlands-Norge
Ope: 01. 03. -31. 12.
Hyggeleg restaurant med vindauge mot fjorden. Tilpassa rullestolbrukarar. Heis. Badstu.
Dagkurs inntil 80 personar. Kurs og konferansar med overnatting inntil 60 personar. Bryllaup, jubileum og selskap for inntil 120 personar.
Hotellet har 26 dobbeltrom,
7 enkeltrom og 1 familierom.
Dobbeltrom
* Balkong på alle rom.
* Dusj og toalett på alle rom.
* Telefon på alle rom.
* TV på halvparten av romma.
Trådlaust internett.
Restaurant
Restauranten vår ligg på fjordsida med praktfull utsikt 5 meter fra fjorden. Rett utanfor ligg ein uteterasse der du kan sitje og nyte ein kopp kaffi eller eit måltid mat.
Hotellet er kjent for sitt gode kjøkken.
Koldtbordet vårt med mange ulike salater, sjømat, spekemat, varmmat, dessert og kaffi, blir også brukt i lokale samanhengar.
Vi tilbyr og kva det måtte vere til større og mindre selskap, og for å pirre apetitten nemner vi fondue, heilsteikt kalkun og yndlingsretten din, kva no enn det måtte vere!
Velkomen til middag!
Innandørs fasilitetar
Skal du feire fødselsdag, eller ha eit anna selskap? Vi har rom i ulike storleikar, og kan tilby ulike typar mat; middag, koldtbord, kaker osv. Ta kontakt om du er interessert i å høyre kva vi kan tilby.
Utandørs fasilitetar
Vi har nyleg opprusta uteområdet vårt, med ny badestrand, badestampar, sandvolleyballbane og asfaltert vandresti.
Opplevingar rundt hotellet
Hotellet ligg i ein storfelt natur, rett i strandkanten og skjerma for trafikkstøy frå gjennomfartsvegen. Det er flust av høve til ulike aktivitetar i nærleiken av hotellet:
Badeplass, robåt, kajakk, vannski, fiske. Sykkelutleige. Merka turløyper i området rundt hotellet. Mange spennande dagsturar til fots.
Vinter
Det er fint her om vinteren og. Hotellet ligg 15min frå Utvikfjellet, med 3 skitrekk og mange løypealternativ. Terrenget er ikkje av det vanskelegaste, og familiar kosar seg på korte eller lengre turar. Det er ei flott skistove med servering i bakken. Andre vel å dra og bade på Hotel Alexandra sitt nybygde badeland, med tre typar badstu, opplevingsdusjar, basseng både inne og ute, massaje eller skjønnhetsbehandling. Ein familie kan alle ha ein flott dag der inne hvis veret ikkje tillet dei store utskeielsane til fjells.
Haust
Det er tid for fargar i innfjorden: grønt, gult, raudt, brunt, oransje, litt snø på toppane. Mange syns at hausten er den finaste årstida. Lufta vert klårare, dagane kan fortsatt vere varme, soppen ventar på å bli plukka, og det er fantastisk å bevege seg i naturen, stort sett åleine, høgt til fjells!
Sommar
Om sommaren kryr det av liv i Nordfjord. Det er høgsesong, fantastisk grøn fjord, badetemperatur, sommarski, og alt ein kan ynskje seg av fjell, fjord og dalopplevingar.
Vår
Våren er kanskje den vakraste tida i fjorden. Det grønast tidleg, og ofte er veret betre enn ein kan forvente. Blomstrane spring ut, trea blømer, og det er godt å få ein forsmak på sommaren, lenge før snøen slepp taket i fjellet.
Rundturar
Innvik ligg midt i alt som kan opplevast på ein god norgesferie. Som lokalkjende har vi på dei følgjande sidene laga nokre framlegg til rundreiser. Klikk på lekkjene nedanfor for å få vite kva du kan sjå og oppleve, kor langt du må køyre og kor lang tid det tar.
På nokre av desse turane må du ta ferje, andre stader kan det vere interessant å bruke nokre kroner på inngangs-billettar eller ekstra måltid. Ta gjerne kontakt med oss på førehand for å få vite kor mykje det kjem til å koste.
Alle desse turane har du stort utbyte av på eiga hand, men for bussturar tilrår vi at de tingar eigen lokal guide for ein dagsutflukt eller tre medan de er i Innvik.
”Vestlandsnaturen talar for seg sjølv, men nokre gonger kan litt tilleggsinformasjon vere lærerikt”, seier guideselskapet vårt. Spør oss om prisar. |